Kropp og selvfølelse
Eit kompetanseprogram for helsepersonell som behandlar pasientar med spiseforstyrringar.
Programmet er tverrfagleg og går over to semester. Det består av førelesingar, seminar, klinisk rettleiing og gruppeverksemd.
Programmet tek føre seg ulike tema, blant anna førebygging, motivasjonsarbeid, psykiatrisk og somatisk utgreiing og behandling, ulike teoretiske forståings- og behandlingsmodellar. Ein legg vekt på nettverksbygging og tverrfagleg samarbeid, samt oppbygging og utvikling av lokale fagmiljø.
Behandling av spiseforstyrringar er eit nasjonalt satsingsområde, og midlar frå Helsedirektoratet gjer at utdanninga kan gjennomførast utan kurs- eller deltakaravgift. Reiser dekkast ikkje.
Ytterlegare informasjon finn du ved å klikke deg inn på din helseregion. Der vil du finne meir spesifikke opplysningar.